You can build a house of words/and live there

Måned: april 2023

Gate for deg

Før drøymde eg om å reise, eg ville bort. No har eg funne roen. I Sorgens dagbok skriv Roland Barthes at han ikkje har same inntrykket av fridom, som han hadde på reisene før han miste mor si.

Etter to år med pandemi og død, kjenner eg igjen på reisetrong.

Det er fyrste gongen eg reiser utanlands sidan du forlet oss. No er det eg som forlet deg. Ved koffertbandet tar eg opp mobilen, vil ringe deg, seie eg er framme.

Øya er full av støv, sandkorn frå Sahara. Du er jord heime. Eg stryk handa over terrassen, handflata gyllen som soloppgangen. Eg tar på sandalar vandrar ei smal gate for deg.

/ Lise-Marte Vikse Kallåk

© 2025 Nordic Lyrics

Tema af Anders NorenOp ↑