Det motsette

Eg prøvde å tenkja på
kva som er det motsette
av bomber

og enda opp
med å tenkja på korn.

Korn som veks så stille
og som kan vaia
så vakkert i vinden

og som kan
gje oss brød.

/Helge Torvund

Eg lurar på om far min
om han hadde levd 
og det var krig her
om han hadde blitt igjen eller
om han hadde sagt berre reis du
og eg hadde sagt eg reiser ikkje utan deg
om han hadde blitt med då
Det tenker eg på no når eg ser ein gamal mann bli leidd
og støtta på grensa til Polen
av det som kan hende er dotter hans

/Lise-Marte Vikse Kallåk